Gjeldsrådgjeving

Arbeids- og velferdsetatens nye nettsted nav.no - Klikk for stort bilete

NAV Time gjev økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan vere frå å hjelpe med å setje opp realistiske budsjett til å bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar.

Ynskjer du bistand til å styre din eigen økonomi eller dersom du har gjeldsproblem, kan du tinge time hjå gjeldsrådgjevar på NAV Time. Dette tilbodet er gratis. 


Telefonnr. 5555 3333 eller mail oss.

 

 

Du kan og ringe på den landsdekkande telefonen for økonomisk rådgjeving som er 80045353. Der kan du få råd og rettleiing.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Else Rege Grannes. Sist endra 15.02.2016
Fann du det du leita etter?