Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som i detalj seier kva føremål dei ulike områda skal nyttast til.
 

Gjeldande reguleringsplan for ein eigedom eller eit område finn du ved å søke i «Kart», vel verktøy Arealplanar. Ved å klikka på planomrisset får du opp aktuelle plandokument til venstre i skjermbilete.
Finn du ikkje planen du leitar etter, ta kontakt med servicetorg.  

 

Under "Kunngjeringar" ligg planar som er ute til høyring og offentleg ettersyn. Desse kan du og sjå i kartet, merka som «Reguleringsplan – under arbeid».

 

Private forslagsstillare som ønskjer å setja i gang med reguleringsarbeid, kan kontakta arealplanseksjonen i Time kommune. 

 

 

 

 

 

Publisert av Ubbo Busboom. Ansvarleg Wibecke Natås. Sist endra 09.03.2017
Fann du det du leita etter?