Kommuneplan

Kommuneplanen er kommunen sitt styringsdokument.

Kommuneplanen består av ein tekstdel og ein arealdel, og dei to delane har ulike funksjonar.

Tekstdelen gjer uttrykk for visjonar og overordna mål for lokalsamfunnet og peiker på oppgåver som bør prioriterast. Denne delen gjeld for 12 år og må ta omsyn til samfunnsmessige endringar som kan skje i løpet av desse åra. Kommunestyret skal kvar styreperiode vedta ein kommunal planstrategi. I denne planstrategien vil det bli vurdert om kommuneplanens samfunns- og/eller arealdel skal reviderast eller ikkje.

 

Arealdelen skal samordna vern og utvikling. Her er det sett av naudsynte areal for å kunne oppnå dei ulike mål kommunen har til dømes i høve til barnehagar, skular og bustader. Arealdelen består av eit plankart med tilhøyrande føresegner.

Publisert av Ubbo Busboom. Ansvarleg Wibecke Natås. Sist endra 08.09.2017
Fann du det du leita etter?
Kommuneplan 2018-2030 (1)