Seksjonering

Ein eigarseksjon er ein sameigedel i ein utbygd eigedom med tilknytt einerett til bruk av ein av fleire bustader eller andre brukseiningar i eigedommen. Kommunen kan etter framlagt krav gje løyve til å opprette eigarseksjonar etter eigarseksjonslova.

Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan seljast og pantsettast uavhengig av resten av eigedommen eller brukseiningane.  Eigarseksjonar eignar seg blant anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Bygningane som skal bli seksjonert, må vere oppført eller ha gyldig igangsettingsløyve.

For å få etablert ein ny seksjon eller endre ein eksisterande seksjon, må brukseininga(ne) vere godkjent etter plan- og bygningslovas reglar for det føremålet dei skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, betyr dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering eller reseksjonering kan skje. For planlagde bygningar eller bygningar under oppføring, må det ligge føre gyldig rammeløyve eller igangsettingsløyve.

Vidare vilkår som må vere oppfylt:

- Inndelinga må gje ei formålsteneleg avgrensing av kvar brukseining
- Hovuddelen på brukseininga må vere klart avgrensa med permanente skilje
- Hovuddelen skal vere samanhengande og ha eigen inngang
- Hovuddel på bustadseksjonen skal innehalde kjøkken, bad, wc
- Kvar seksjon skal ha tilgang til sikringsskap og stoppekran
 
 
 
Dersom de ynskjer meir informasjon om seksjonering, ta kontakt med servicetorget for vidare henvisning.
 
Kommunen fakturerer for denne tenesta.
 
 

 
Publisert av Lene Dalsegg. Ansvarleg Ole Geir Grønås. Sist endra 12.09.2016
Fann du det du leita etter?
Gebyr (1)