Fjerning av nedgravd oljetank

Nedgravde oljetankar er ei stadig større kjelde til forureining av grunn og vassdrag og kan vere til skade for både helsa og miljøet. Som grunneigar står du ansvarleg for at oljetank på eigen eigedom alltid er i forsvarleg stand.

 

Det skal utførast periodisk kontroll av oljetanken, og talet på kontrollar avheng av tanktype. Skriftleg dokumentasjon på at tanken er kontrollert og godkjend skal sendast til Rogaland brann og redning, e-post: postmottak@rogbr.no.

 

Tankar som permanent blir teke ut av bruk, skal normalt tømmast, renskast, gravast opp og leverast til eit godkjent mottak. Melding om dette skal sendast til Rogaland brann og redning, e-post: postmottak@rogbr.no. Ligg tanken vanskelig til kan du søkje kommune om løyve til å sanere tanken på plassen.

 

Lokal forskrift om nedgravde oljetanker

 

 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Erik Steen Larsen. Sist endra 13.12.2017
Fann du det du leita etter?