Utbygging og riving

Planlegging og utbygging

Dersom du er utbyggar og skal i gang med planlegging av bustadtomter bør du sette deg inn i krava til val av renovasjonsløysing. På lenkene under kan du få rettleiing.

 

Kommunalteknisk avfallsnorm (PDF, 4 MB)

Planlegging av nedgravne avfallskonteinarar (PDF, 4 MB)

Nedgravne - prosedyrar og tøming (PDF, 113 kB)

Sentrumsplan for Bryne 2015-2026 – Føresegner og retningslinjer 19.08.2016

 

 

Riving av bygg

For tiltaka under skal det lagast ein avfallsplan som gjer greie for planlagt handtering av avfall fordelt på avfallstype og – mengd:

 

  1. Oppføring, tilbygg, påbygg og underbygging av bygningar dersom tiltaket overskrider 300 m² BRA
  2. Vesentleg endring, herunder fasadeendring, eller vesentleg reparasjon av bygning dersom tiltaket påverkar del av bygning som overskrider 100 m² BRA.
  3. Riving av bygning eller del av bygning som overskrider 100 m² BRA.
  4. Oppføring, tilbygging, påbygging, underbygging, endring eller riving av konstruksjonar og anlegg dersom tiltaket genererer over 10 tonn bygge- og rivingsavfall.

 

Tiltak som omfattar fleire bygningar, konstruksjonar eller anlegg skal vurderast under eitt.

 

For meir informasjon sjå direktoratet for byggkvalitet si nettside om avfall- og miljøsanering.

 

Både byggfirma og konsulentar har ofte erfaring med avfalls- og miljøsaneringsplanar, og kan gi råd og rettleiing i rivetiltak.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 27.02.2017
Fann du det du leita etter?