Heimekompostering

Heimekompostering er ein god og miljøvennleg måte å behandla matavfallet på. I staden for å kaste matavfallet i biopose og brun avfallsdunk, lager du god og næringsrik jord i kompostbingen.


Ferdig kompostjord er næringsrik og godt eigna som jordforbetring til planter, buskar og grønsaker av alle slag. Les meir om kompostering (PDF, 2 MB).

 

Ønskjer du å starte opp med heimekompostering, tilbys det gratis kurs for dette.

 

Time kommune tilbyr brukte kompostbingar til 656 kr inkl mva. Kontakt servicetorget om du er interessert i dette. Nye kompostbingar kan kjøpast på hagesenter, jernvarehandlar, eller anna.


 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 09.02.2018
Fann du det du leita etter?