Avfall i Time kommune

I Time kommune skal alt hushaldsavfall kjeldesorterast
 

Matavfall, papir og papp, plastemballasje og restavfall blir henta av renovatøren i fast rute. Glas- og metallemballasje skal du levere til ein av miljøstasjonane som står sentralt plassert i heile kommunen. Anna avfall som farleg avfall, elektronisk avfall, møblar, trevirke osv. må du levere til ein av gjenvinningsstasjonane i regionen.

 

 

Skjema for bestilling eller endring av avfallsdunk

 

 

Tømekalenderen (PDF, 7 MB) som blir delt ut i desember kvart år, viser ein oversikt over renovasjonsruter og kva dag dei ulike avfallstypane blir henta heime hjå deg.

Sorteringsguiden (PDF, 2 MB) gir tips og råd om kor du skal kaste dei ulike avfallstypane som oppstår i eit hushald.

 

Skal huset stå tomt ein lengre periode? Sjå paragraf 14 i renovasjonsforskrifta (PDF, 947 kB) om unnatak, fritak, dispensasjonar og klager.
 

Meld gjerne inn feil her «MELD FEIL», dersom du ønskjer å melde inn eit avvik med renovasjonstenesta. Avvika kan vere manglande tøming, øydelagt avfallsdunk eller avfallsanlegg, forsøpling osv. Hugs å oppgi kontaktdata, slik at me kan nå deg dersom nødvendig.

 

Er du entreprenør eller utbyggjar og skal planlegge nye tomter eller rivetiltak, sjå her.



 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 21.03.2018
Fann du det du leita etter?
Gebyrsatsar (1)
Forskrifter og reglar (1)
Tømekalender (1)