Knudaheio

Knudaheio - Klikk for stort bilete

Knudaheio er diktaren Arne Garborg si sommarstove på Jæren frå 1899-1923.

Knudaheio - Klikk for stort bilete

Huset og stova er som dei var då diktaren budde her. Innreiing og inventar er autentisk, og framstår utvendig som det såg ut i 1909.

 

Arne og Hulda Garborg er hauglagde i hagen på eigedommen.
 


Opningstider
Ope sun- og helgedagar (Kristi himmelfartsdag og pinse) kl. 12-16 f.o.m. 7. mai og ut september (2017). Sommarope i juli og halve august, kl. 12-17. Elles ope ved førespurnad.

 

Inngang
30 kr, alle under 18 år går gratis. Løyst billett ein av stadane Garborgheimen eller Knudaheio gjeld òg på den andre same dagen. Ein får også rabatt på inngangsbilletten til Garborgsenteret ved framvising av billett frå Garborgheimen eller Knudaheio.


 

Besøk og formidling utanom fast opningstid
Kontakt Garborgsenteret, garborg@jaermuseet.no / tlf. 47 77 60 20
 

Her finn du Knudaheio
Knudaheio ligg ved FV 201 ved Undheim, 13 km frå Bryne på RV504.

Publisert av Ingve Lende. Ansvarleg Trond Lie. Sist endra 21.06.2017
Fann du det du leita etter?