Fotland kraftstasjon

Fotland kraftstasjon vart opna i 1915. Den skulle då forsyna Time kommune med straum "i all framtid". Etter tre år var kapasiteten sprengd. Drifta vart avslutta i 1972, og sidan 1991 har Fotland kraftstasjon vore vasskraftmuseum for Jæren.

Fotland kraftstasjon - Klikk for stort bilete

I tillegg til eit intakt indre, er det utstilling av bilete og gjenstandar frå anleggs- og byggeperioden. I 2. etasje er det utstilling av foto og gjenstandar frå Time i gamle dagar.

 

Opningstider
Museet har ikkje faste opningstider.

 

Bestilling av besøk og formidling
Kontakt Time kommune, postmottak@time.kommune.no / tlf. 51 77 60 00
 


Her finn du Fotland kraftstasjon
Fotland kraftstasjon ligg ved FV 206, fem km frå Bryne.

Publisert av Ingve Lende. Ansvarleg Trond Lie. Sist endra 01.12.2017
Fann du det du leita etter?