Livsgledefestivalen

moi.png - Klikk for stort bilete

 

Livsgledefestivalen 2019 vert arrangert på Bryne 6. - 10. mars 2019.

Livsgledefestivalen er ein årleg festival som vert arrangert på Bryne i Time kommune i veke 10. Program for 2019 er under utarbeiding og vert publisert på www.livsgledefestivalen.no etterkvart som det er klart. Følg gjerne vår side på Facebook.

 

Vil vera til glede for alle
Livsgledefestivalen skal romma arrangement for alle aldersgrupper og me inviterer med alle som har eit arrangement som dei vil bidra med til denne festivalen. Målet med Livsgledefestivalen er å forsterka fokus på livsglede generelt, og byggja vidare på tanken som ligger til grunn for Fritz Røed skulpturpark, å vera til glede.

 

Varierte uttrykk
Livsgledefestivalen formidlar mange uttrykk gjennom alle dei arrangementa som tidlegare har vore under festivalen, kunst, mat, samhald, natur, og me feirar livsgleda både ute og inne, for eldre og unge.

 

Fleire arrangørar
Livsgledefestivalen starta med opninga av Fritz Røed skulpturpark i 2004. Kommunen har sidan då organisert livsgledefeiringa saman med aktørar frå heile lokalsamfunnet. Dei siste åra har koordineringa av festivalen vore eit samarbeid mellom Brynebyen, Brynes Vel og Time kommune.

Publisert av Ingve Lende. Sist endra 29.11.2018
Fann du det du leita etter?