Ti turar

Ti Turar i Timeutpaatur - Klikk for stort bilete anne reidun garpestad

 



 

 

Time kommune har laga kart og omtale av ti turar. Nokre er lette og universelt utforma for både rullestol og barnevogn, medan andre er meir utfordrande


Turar for 2017 vert lagt ut i veka før påske, både på nettsida, på biblioteket og i servicetorget.

 

I år er det to nye turar, en på Lyngaland og en til Skårlandskula. Du kan sjå i oversiktskartet (JPG, 146 kB)kor du finner turane.

 

Det er sett ut ei klyppetang på kvar tur, som du kan klippe i turkortet. Kor klyppetanga er plassert, er omtala under kvar tur i turboka (PDF, 38 MB).

 

Turboka inneheld kart og omtale av kvar tur. Den kan hentas gratis på biblioteket eller på servicetorget. Det er sett opp nye skilt på kvar tur slik at det skal vera lettare å finna fram.

 

På turkortet (PDF, 262 kB) kan du kan notera/klyppa turane du har gått. Alle som leverer inn turkort innan 01.11.17 får ein turpremie.

 

Dei som har gått alle turane er med på trekning av to gåvekort a kr 1000.

 

Du kan òg henta turopplegget i Time bibliotek eller i servicetorget i Time rådhus.

 


 


God tur i jærsk natur!

 


Forskrift om bandtvang   (PDF, 74 kB)

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anne Reidun Garpestad. Sist endra 01.12.2017
Fann du det du leita etter?