Bryne mølle

I Bryne mølle finn du Andreas Bøe-galleriet, galleriet til Bryne kunstforening og utleigelokala Sekkelageret og kafeen.

Opningstider
Laurdagar kl 12.00 - 16.00
Sundagar kl 13.00 - 17.00

 

OBS! Opningstidene følgjer tidene til utstillingane til Bryne kunstforening og kan variera.

 

Inngang
Andreas Bøe-galleriet: Gratis

 

Utstillingar
I Andreas Bøe-galleriet i 2. etasje er eit utval av Time kommune si biletsamling av kunstnaren utstilt. Bryne kunstforening har galleri i 3. etasje der dei har vekslande utstillingar.
 

Utleige
Du kan leiga  Bryne mølle til eigne arrangement, selskap, bryllaup, møter eller seminar. Utleigelokala er i 1. etasje og består av Sekkelageret der det kan dekkast til 120 personar og kafeen der det kan dekkast til 100 personar. 

 

Last ned: Prisar, leigereglar og utstyrsliste (pdf) (PDF, 48 kB)

 

Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 51 77 60 00 eller på e-post for å leiga mølla.

 

Bryne Mølle - Klikk for stort bilete Bryne Mølle - sekkelageret - Klikk for stort bileteBryne Mølle - sekkelageret



 

 

Bryne Mølle, utsnitt frå kafeen - Klikk for stort bileteBryne Mølle, utsnitt frå kafeen

Bryne Mølle, kafeen - Klikk for stort bileteBryne Mølle, kafeen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her finn du Bryne mølle
Tilkomst til Bryne mølle: like ved innkøyringa til Bryne sentrum frå RV44, ved Mølledammen.
Adresse: Reevegen 1. For køyrande via parkeringsplassen på M44.






Historikk

Mølla er eit minnesmerke over ei verksemd som har utfalla seg ved Bryne-åna gjennom fleire århundre: Maling av korn til matmjøl.

 

I det tradisjonelle jordbruket på Jæren stod kvernhusa og seinare møllene sentralt. Sjølvsagt, fordi kornet var sjølve næringsgrunnlaget i naturhushaldet før potetdyrkinga kom i gang. Eit vassfall midt på flat-Jæren har dermed hatt ein eigen samlande funksjon for livskraftige aktivitetar.

 

Mølla har vore ein møteplass. Her har lege små kvernhus med tilhøyrande tørkeri i uminnelege tider. Tidleg i 1870 åra vart kanalen utgraven, og to nye, større kvernhus med to kverner i kvar vart oppførte. I 1881 vart vassrettane bortbygsla til ein engelskmann i Stavanger som forlengde Mølledammen og bygde den første Bryne Mølle. Gjennom fleire eigarar kom ho i 1917 i L. Bellesen sine hender. Han bygde den noverande Mølledammen og sette eige kraftverk i mølla. I 1922 kjøpte Rogaland Felleskjøp heile anlegget. Bygningen brann i 1928, og dagens møllebygning er datert 1929.

Publisert av Ingve Lende. Ansvarleg Åse Skrudland. Sist endra 15.02.2018
Fann du det du leita etter?