Psykisk helsearbeid

Tenesta gir tilbod om hjelp og oppfølging dersom du har utfordring i forhold til di psykiske helse.

Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i dine ressursar, ønskjer og mål.

Bilde av skogholt ved Salsvatnet - Klikk for stort bilete Ingve Kindervaag Psykisk helsearbeid gir individuell hjelp ut frå behov som kjem fram i søknad og vurderings-/kartleggingssamtale. Me har og gruppetilbod.

Me arbeider Recovery orientert.
Recovery er ein personlig prosess. Det handlar om "betringsprosesser". Recovery-begrepet kjem frå personar som har eigen erfaring med psykiske helseutfordringar eller rus - og som har fortald hjelpeapparatet om kva som har virka. Det er derfor mange vegar til recovery. Å gje recoverystøtte betyr at tilsette i kommunen spør brukaren "kva er viktig for deg?" Tilsette må være nysgjerrige på kven brukaren er. Me behandlar ikkje "sjukdommen din" men vil gjerna bli kjent med deg som person for å finne ut korleis me kan støtta deg i din eigen betringsprosess. Mange som har hatt eller har utfordringar innan psykisk helse eller rus har sagt noko om kva som har vore viktig at tilsette har fokus på. Dette er å myndiggjera, skapa tilhørighet, håp og optimisme, identitet, meining og mål, og deltagelse i samfunnet. Dette er sentrale verdier i recovery-filosofien - og tilsette skal øva på å gje støtte som fremmar desse verdiane.

Me har er eit nært samarbeid med spesialisthelsetenesta blant anna Jæren Distriktspsykiatriske Senter (JDPS).

 

Besøksadresse og kontakt
Besøksadresse er Hognestadveien 41, 4340 Bryne. Resepsjonen er open for henvendelse kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00. Kontakttelefon: 51 77 60 00 (servicetorget).

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Bjarte Sælevik. Sist endra 01.12.2017
Fann du det du leita etter?
Portal for psykisk helse (1)