Miljøteneste

Miljøteneste er praktisk bistand, råd og rettleiing. Tilbodet om miljøteneste gjeld søkjarar som grunna sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne treng langvarige og koordinerte tenester.

Omsorgsboligar på Kringlemyr - Klikk for stort bilete

Visjon i miljøtenesta:
Tryggleik, sjølvbestemming, meistring og utvikling.

 

Tenesta skal bidra til at du kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfylt liv i fellesskap med andre.
Tenesta kan omfatte hjelp, rettleiing og støtte til dagleglivets gjeremål. Tenesta kan gje støtte til å gjennomføre nye utfordringar.

 

Miljøtenesta vert gitt med utgangspunkt i prinsippet om hjelp til sjølvhjelp og målet er at alle skal få bu i eigen heim så lenge som mogleg. Tenesta vert berre gitt når brukar sjølv er tilstades. Det er forventa at brukar deltar aktivt.

 

Tenesta omfattar miljøarbeid, opplæring i å utføra daglege gjeremål og aktivitetar, avlasting, støttekontakt, omsorgsstønad, brukarstyrt personleg assistent (BPA) og tilrettelagt aktivitetstilbod før og etter skuletid for elevar i ungdoms- og vidaregåande skule (TAT).
Miljøtenesta har døgnbemanna bustader i Vardheia, Håbakken, Kringlemyr, Linevegen, Holmebakken og Røyrvika.

 

Miljøtenesta vert gitt i private heim etter vedtak.  Kvifor ei teneste brukaren treng vurderar saksbehandlar i samråd med brukar, pårørande eller verje.

Det er ikkje søknadsfrist for å søkja om miljøtenester. Du kan ta kontakt med kommunen anten på søknadsskjema (PDF, 103 kB), e-post eller telefon til servicetorget 51 77 60 00.

 

Kontaktpersonar:
Tenesteleiar: Toril S. Olsen Toril.Stengardsbakken.Olsen@time.kommune.no
Saksbehandlar barn og unge opp til 18 år: 
Lise Eskeland Lise.Eskeland@time.kommune.no

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Toril S. Olsen. Sist endra 29.09.2017
Fann du det du leita etter?
Eksterne lenker