Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er ei førebyggjande og rehabiliterande teneste  for deg som bur heime og har ei endring i ditt funksjonsnivå.  

Du har eit ønskje om å gjere ein innsats slik at du i størst mogleg grad kan klare deg sjølv i dagleglivet.

 

Vi startar med å spør «Kva er viktig for deg?»

 

For mange vil dette vere å stelle seg sjølv, lage mat, gå til butikken, leike med barnebarn eller gå på kafé. Tenesta blir gitt av eit tverrfagleg team som består av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og ressurspersonar frå heimesjukepleia. Dei kjem heim til deg i ei tidsavgrensa periode for å gi råd og støtte deg i å nå dei måla du har sett deg. Vi ønskjer at du skal oppleve mestring og vere til stades i eige liv.

 

Du kan søkje om tilbodet på kommunen sitt søknadsskjema (PDF, 103 kB) for omsorgstenester. Det er ingen eigenbetaling for denne tenesta.

 

For meir informasjon ta kontakt med koordinator:

Anne-Merete Hauge Håland,   tlf: 959 94 331

eller Servicetorget på tlf: 51 77 60 00

 

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Kristine Ims Larsen. Sist endra 01.12.2017
Fann du det du leita etter?