Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er kontaktperson for personar som er ramma av kreft og deira pårørande. Kreftkoordinator vil gi støtte, råd og rettleiing knytta til sjukdom, behandling, rehabilitering og lindrande tiltak.

 

Kreftkoordinator har oversikt over relevante tilbod og tenester, og er eit bindeledd mellom spesialisthelsetenesta og kommunen.

Logo Kreftforeningen - Klikk for stort bilete

Kreftkoordinator gir og råd til andre som yter tjenester til, eller er i kontakt med kreftramma og deira pårørande.

 

Kreftkoordinatorstillinga er støtta med lønnsmidlar frå Kreftforeninga. Kreftforeninga har gitt midlar til kreftkoordinatorstillingar i heile landet, og ønskjer med denne satsinga å betra kreftomsorga for kreftramma der dei bur.

 

Kreftkoordinator: Evy-Ann Helle.

Besøksadresse: Sivdamheimen 1etg, Røyrvika 12.


Kontortid man- fred 08- 15.00.
Tlf: 51 77 63 49 - mob: 482 02 107.

For å sende mail bruk denne e-post

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Bylgja Ingvadottir. Sist endra 06.12.2017
Fann du det du leita etter?