Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal sikra tryggleik for deg for at du skal kunna bu heime lengst mogleg. Du får ein alarmknapp som du har på deg rundt handleddet eller halsen. Alarmen er ein enkel måte å få kontakt med omsorgstenestene på, om det skulle bli behov for det. Tryggleiksalarmen fungerer berre i heimen din.

Bilete frå Fritz Røed parken på Bryne - Klikk for stort bilete

For å få tryggleiksalarm er det nødvendig å søkja om dette på omsorg sitt søknadsskjema (PDF, 103 kB). Alle som er over 70 år og bur i kommunen får tildelt tryggleikssalarm om dei ønskjer dette.

For andre vert det gjort ei skjønnsmessig vurdering på grunnlag av følgjande forhold:

1.  Søkjar må bu i Time kommune.
2.  
Bu aleine eller vere utan forsvarleg tilsyn 
     deler av døgnet.
3.  Vera i stand til å nytta alarmen og vera
     motivert for tilbodet.
4.  Ha sjukdom eller nedsett funksjonsevne som i visse 
     høve hindrar bruk av vanleg telefon.
5.  Sikra at tryggleiksalarmen førebyggjer bruk av andre tenester.

Punkta 1-3 må vera oppfylte. I tillegg må eit av punkta 4-5 vera oppfylte.

Det er eigenbetaling for denne tenesta.


Kommunen leverer og kopler til utstyret, bortsett frå ein ekstra husnøkkel som må fremskaffast av søkjar. Det vil ta opptil to veker å få tryggleiksalarm montert etter at søknad, fullmaktskjema og husnøkkel er motteke.

Om det er ønskjeleg med meir opplysningar om tenesta, ta kontakt med kommunen sitt servicetorg på rådhuset. Servicetorget finn du ved hovudinngangen (A), Arne Garborgsveg 30, Bryne.

Ekspedisjonstid: Måndag - fredag kl. 07.30 - 15.00.

Postadresse: Postboks 38, 4349 BRYNE.

Telefon: 51 77 60 00

E-post: post@time.kommune.no

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Kristine Ims Larsen. Sist endra 18.12.2017
Fann du det du leita etter?