Heimesjukepleie

Heimesjukepleie vert gitt til deg som bur heime og treng naudsynt helsehjelp. Målet er at du skal få bu heime så lenge som mogleg, også ved alvorleg sjukdom. Me er opptekne av kva som er viktig for deg.

Bygd - Klikk for stort bilete

Når du søkjer om tenesta vil me kartlegga funksjonsnivået ditt, og vil vurdera om du fyller vilkåra for tenesta. Det er ingen eigenbetaling for denne tenesta.

Det er ikkje søknadsfrist for å søkja om heimesjukepleie.  Du kan søkja på søknadsskjema (PDF, 103 kB). Dersom du har spørsmål kan du kontakta Servicetorget på telefonnr. 51 77 60 00.

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Kristine Ims Larsen. Sist endra 01.12.2017
Fann du det du leita etter?