Skatteinnbetaling i september 2017

norske_pengesedler_600x300.jpg - Klikk for stort bilete

Skatteinngangen i september viste ein nedgang på 0,5 % samanlikna med same periode i 2016. 

Skattetrekket hadde ein vekst på 2,8 %. Både restskattar og forskotskatt viser ein nedgang på 16-17 % samanlikna med 2016. Veksten i skattetrekket klarer ikkje kompensera for svikten i andre skattar.
 

Skatteinngangen er så langt i år 0,6 % lågare enn på same tid i ifjor. Me har budsjettert med ein vekst på 3,3 %.
 

Landet samla har ein vekst i september på 4,3 % og hittil i år på 3,9 %. Budsjettert landsvekst er på 1 %. Landsveksten for 2017 kjem til å verta justert opp i statsbudsjettet som vert lagt fram den 12. oktober.

 

Budsjettert skatteinngang for Time kommune vert i tertialrapporten nedjustert med 18,7 millionar kroner slik at budsjettert skattevekst for 2017 vert på -1 % mot budsjettert +3,3 %.

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Aud Steinsland. Sist endra 09.10.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering