Skatteinnbetaling 2017

norske_pengesedler_600x300.jpg - Klikk for stort bilete

Skatteinngangen i Time gjekk ned med 0,8 % frå 2016 til 2017. Samla kommuneskatt for heile landet auka med 4,5 %. 

Me hadde opprinneleg budsjettert med skatteinntekter på 551,8 millionar kroner. Budsjettert er nedjustert til 533,1 millionar kroner. Resultatet vart 529,8 millionar kroner.

Skattetrekket viser ein svak vekst på 1,8 % medan det er betydeleg nedgang i forskots-  og restskattar.

Time kommune har i 2017 ein skattinngang på 95,3 % av landsgjennomsnittet per innbyggjar. I toppåret 2013 hadde me ein skatteinngang på 106,7% av landsgjennomsnittet. Dette viser at oljeprisfallet og nedgangen i oljesektoren har gjeve betydeleg inntektsnedgang for innbyggjarane i Time kommune.

Skattesvikten i 2017 vert for ein stor del kompensert med auka skatteutjamning då skatteinngangen i landet aukar mykje meir enn opprinneleg budsjettert.

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Aud Steinsland. Sist endra 08.01.2018
Fann du det du leita etter?