Informasjon om stortingsvalet

For å begrensa smitterisiko oppfordrar vi flest mogleg til å førehandsstemma. Det vil bli gjennomført gode smitteverntiltak i førehandsmottaka.

Sjå meir info på valg.no

Stemmerett ved stortingsvalet

Kven kan stemma?

Ved stortingsvalet 2021 har du stemmerett dersom du er:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2021
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Norge

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstand har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busettingskriteriet. Dersom dei ikkje nokon gong har vore registrert som busett i Norge, skal dei manntallsførast i Oslo kommune.

Står du i manntalet?

Manntalet er ein oversikt over alle som har stemmerett i ein kommune. For å kunne stemma må du stå innført i manntalet.

Veljarar busett i Norge vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flytter du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.

Personar som har vore busett i utlandet i meir enn 10 år må søka seg inn i manntalet. Dette kan du gjera via vårt digitale skjema.

Mantalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på Innbyggarservice, Time rådhus og Time bibliotek i veke 28 til og med valdagen.

Les meir om manntal på valg.no

Valkortet blir digitalt

Ved stortings- og sametingsvalget 2021 får du tilsendt valkortet ditt digitalt.

Å motta valkortet er ein stadfesting på at du har stemmerett. Har du med deg valkortet i vallokalet, er det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet.

Som veljar vil du motta valkortet i di digitale postkasse, eller Altinn den 10. august.

Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.

Les meir på valg.no

Legitimasjon

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemma. Valkort er ikkje legitimasjon. 

Eksempel på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde. 

Pandemi og val

Kommunen vil sørga for at valet blir gjennomført med gode smitteverntiltak i alle vallokaler. For å begrensa smitterisiko oppfordrar vi flest mogleg å førehandsstemma. 

Er du i isolasjon på grunn av Covid-19, kan du be om å få stemma heime. Frist for å gi beskjed til kommunen er måndag 13. september kl. 10:00.

Kontaktinformasjon:
tone.storesatre@time.kommune.no
tlf. 99106691. 

karina.haugland@time.kommune.no
Tlf. 51776018

Kontaktinfo

Tone Storesætre
Formannskapssekretær
E-post
Telefon 51 77 60 12
Mobil 991 06 691
Karina Arntzen Haugland
Førstekonsulent
E-post
Telefon 51 77 60 18