Meddommarar

Kommunestyre skal kvart 4. år velje meddommarar til Jæren tingrett og Gulating lagmannsrett, jordskifteretten og koma med forslag til skjønnsmedlemmar.

Inneverande periode starta 1. januar 2017 og varer til og med 31. desember 2020.

Arbeidet med å rekruttere nye meddommarar for neste periode har starta. Det er mogleg å melde di interesse ved å sende inn skjema.

Meld di interesse her

Ingen kan veljast både til lagmannsretten og tingretten. Personar som vert valde til lagmannsretten og tingretten er valbare som meddommarar til jordskifteretten og som skjønnsmedlemmer.

Kva er ein meddommar?
Meddommarar (lekdommarar) er ein ikkje jurdisk utdanna person som saman med ein fagdommar er med på å ta avgjersler i rettsaker. Både i tingretten og lagretten deltek meddommarar ved behandling av straffesaker.

Meir informasjon om rettssystemet, rolla og oppgåver finn du ved å gå inn på domstol.no

Kven kan vera meddommar?
Lovverket stiller nokre krev om kven som kan veljast som meddommar. Mellom anna må ein vera over 21 år og under 70 år. Ein må snakke og forstå norsk, og det er krav til vandel. Du må bu i Time kommune og vera norsk eller nordisk statsborgar eller vore registrert som busett i Norge dei tre siste åra.