ⓘ Aktuell informasjon

Stemmerett, manntal og valkort

Kven har stemmerett ved kommunestyre-og fylkestingsvalet?
  • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2023, som er eller har vore registrert i folkeregisteret som busett i Norge.
  • Er statsborgar i eit anna nordisk land som fyller 18 år innan utgangen av 2023, og er registrerte i folkeregisteret som busette i Norge seinast 30. juni 2023.
  • Personar som ikkje er norske statsborgarar, men som har fylt 18 år innan utgangen av 2023 og har vore registrerte i folkeregisteret som busette i Norge dei tre siste åra før valdagen.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og husstanden deira har stemmerett sjølv om dei ikkje oppfyller busetjingskriteriet.

Står du i manntalet?

For å kunne stemma ved valet, må du stå innført i manntalet.
Veljarar som er busette i Norge vert automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni i valåret.

Flytter du til ein annan kommune etter 30. juni, er du fortsatt registrert i manntalet og har stemmerett i den kommunen du flytta frå sjølv om du melder flytting.

Personar som har vore busett i utlandet i meir enn 10 år må søka seg inn i manntalet. Ein kan søkja seg inn i manntalet via vårt digitale skjema eller Søknad om innføring i manntal (PDF, 112 kB) og senda pr. post til kommunen. Det er også mogleg å søkja seg inn i manntalet når ein stemmer. Ein vil då få utlevert skjema for å søkja seg inn. 

På valdagen må du stemma i den kommunen du flytta frå, eller så kan du førehandsstemma. Det er valfritt kva kommune ein vil førehandsstemma i.

Manntalet blir lagt ut til offentleg ettersyn på Innbyggarservice i Time rådhus og Time bibliotek i veke 28 til og med valdagen.

Klage på feil i manntalet sender du til: Valgstyret i Time, Postboks 38, 4349 Bryne

Spørsmål om manntalet kan rettast til tlf 51 77 60 00 / 99106691

Les meir om manntal på valg.no

Valkort

Ved kommunestyre-og fylkestingsvalet får du tilsendt valkortet ditt digitalt.

Å motta valkortet er ein stadfesting på at du har stemmerett. Har du med deg valkortet i vallokalet, er det enklare og raskare for valfunksjonærane å finne deg i manntalet.

Som veljar vil du motta valkortet i di digitale postkasse, eller Altinn.

Har du reservert deg mot elektronisk post i kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ikkje har oppdatert eller bekrefta kontaktinformasjonen din i registeret dei siste 18 månadane, kjem du til å få valkortet tilsendt på papir.

Les meir på valg.no

Legitimasjon

Hugs å ta med legitimasjon når du skal stemma. Valkort er ikkje legitimasjon. 

Eksempel på godkjend legitimasjon er pass, førarkort (digitalt førarkort vert og godtatt) og bankkort med bilde.