ⓘ Aktuell informasjon

Førehandsstemming

Kva treng eg for å førehandsstemme?

Husk ta med med legitimasjon når du skal stemme. Eksempler på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilete. Minstekravet er at legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdato og bilete.

Tidlegstemming frå 3. juli til 9. august

Du kan tidligstemma frå måndag 3. juli til onsdag 9. august hos innbyggarservice i Time rådhus. Tidlegstemming er for dei som ikkje har høve til å stemme i den ordinære perioden for førehandsstemming eller på valdagen. 

Husk å ta med legitimasjon når du skal stemme! 

Opningstidene er 09:00 - 15.00

Kor og når kan eg førehandsstemme i Time kommune?
Førehandsstemmestader i Time
Her kan du førehandsstemme: Tidspunkt Klokkeslett
Time rådhus, Innbyggarservice måndag-fredag 10. august-8. september 09.00 - 15.00
Time bibliotek måndag-laurdag 10. august-8. september i biblioteket sine opningstider
Paviljongen vis á vis Lye skule onsdag 30. august 15.30 - 19.00
Kvernaland samfunnshus torsdag 31. august 15.30 - 19.00
M44 vis à vis Espressobaren fredag 1. september 15.00 - 19.00
M44 vis à vis Espressobaren laurdag 2. september 12.00 - 17.00
M44 vis à vis Espressobaren måndag 4. september-torsdag 7. september 15.00 - 19.00

 

Stemming på institusjonar/vidaregåande skule

Kommunen har mottak av førehandsstemmer på desse stadene:

Førehandsstemming på institusjonar/vidaregåande skule
Stad Dato Klokkeslett
Kvernaland omsorgssenter 23. august 11.30 - 12.30
Sivdamssenteret 24. august 10.30 - 12.00
Sivdamheimen 24. august 12.30 - 13.30
Bryneheimen 25. august 10.30 - 12.00
Jæren distriktspsykiatriske senter (JDPS) 25. august 13.00 - 14.00
Bryne vidaregåande skule 30. august kl. 09.30 - 12.00

 

Heimestemming

Veljarar som på grunn av sjukdom eller nedsett funksjonsevne som ikkje kan møta opp for å stemma, kan kontakta kommunen og stemma heimafrå. Frist for å gi beskjed om heimestemming er fredag 8. september kl. 10:00.

Kontaktinformasjon:
tone.storesatre@time.kommune.no
tlf. 99106691. 

karina.haugland@time.kommune.no
Tlf. 51776018

 

Stemme frå utlandet

Frå1. juli til 1. september kan velgjarar som bur eller opphalder seg i utlandet forhåndsstemma på norske ambassadar og andre utenriksstasjonar eller hos andre oppnevnte stemmemottakarar.

Du er sjølv ansvarleg for å stemma så tidleg at stemmen kjem fram til riktig kommune, seinast kl. 17 dagen etter valdagen 11. september.

Sjå korleis du stemmer frå utlandet.