Opningstida i servicetorget skal endrast

Vipa  ved inngangen til rådhuset - Klikk for stort bilete

Frå 1. juni vert opningstida på servicetorget endra. Målet vårt er at innbyggjarane skal merka endringa minst mogleg.  

Frå 1. juni vert opningstida endra.  Servicetorget vert betent måndag-fredag frå kl. 09.00 til kl. 15.00.
Dette vil bety at gjester til rådhuset vil møta tilsette i servicetorget i denne tida.  Tidspunktet for å få svar i sentralbordet, svar på e-postar og på facebook vert også endra til same tidspunkt. 


I servicetorget er det fleire gonger gjort undersøkingar om kor tid det er mest besøk og telefonar.  Ut frå resultata ser me at å endra opningstida slik vil få færrast konsekvensar for innbyggjarane og besøkjande. 


Endring av opningstida i servicetorget er ein del av prosjektet Omstilling 2017.  Vedtak om endring av opningstider er fatta i Levekår den 7. mars 2018.  

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Sist endra 12.03.2018
Fann du det du leita etter?