Personvern

Time kommune ser på informasjonssikkerheit og personvern som ein naturleg del av verksemda vår.  For å kunna utøva myndigheit og tilby deg gode tenester, må me ofte behandla opplysningar om deg elektronisk eller i eit register. I denne artikkelen skriv me blant anna om korleis me behandlar personopplysningane dine, kva som er formålet og kva rettar du har.

 

Grunnprinsipp
 

Me har fleire grunnleggande prinsipp som gjeld korleis me skal handtera personopplysningane dine. Det er at me skal behandle desse

  • lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit
  • konfidensielt, verna mot utilsikta endring og vera tilgjengeleg

Vidare skal det sikrast at personopplysningane skal

  • vera samla inn til bestemde formål og ikkje seinare verta brukte på ein måte som er i strid med dette
  • berre verta nytta for det konkrete formålet, og ikkje lagra opplysningane lenger enn det som er nødvendig eller pålagd
  • vera oppdaterte
     

Formål
 

Formåla med behandlinga av personopplysningane er å tilby deg offentlege tenester eller utføra lovpålagde oppgåver.
 

Grunnlaget for at me kan behandla personopplysningane dine


For at me skal kunna behandla opplysningar om deg må me ha eit rettsleg grunnlag. Det kan for eksempel vera at du gjev oss samtykke til å handtera personopplysningane dine i forbindelse med ein søknad om tenester eller at me skal oppfylla ein avtale med deg. Det kan også vera nødvendig for at me skal oppfylla ei rettsleg plikt eller utøva offentleg myndigheit. Nokre gonger er det også eit lovfesta eller avtalefesta krav om at du må gje kommunen personopplysningar.

Viss behandlinga er basert på samtykke, har du rett til å trekka det tilbake når som helst.

Er grunnlaget ei rettsleg forplikting eller å utøva offentleg myndigheit, kan du i visse tilfelle protestera mot behandlinga.
 

Innsyn
 

Som hovudregel har du rett til innsyn i dei opplysningane som me behandlar om deg. Du har også krav på å få informasjon om behandlinga.

For å få innsyn må du kontakta tenesta eller eininga som utfører behandlinga. Du kan be om få ein kopi av opplysningane som er registrerte.


Rett til å få korrigert ukorrekte personopplysningar
 

Viss me har registrert opplysningar om deg som ikkje er korrekte, har du også rett til å få korrigert desse. Det gjeld også viss me ikkje har fullstendige opplysningar om deg.

Framgangsmåten er den samme som for innsyn.


Rett til avgrensa behandling
 

I nokre tilfelle kan du også krevja at behandlinga av personopplysningane dine vert avgrensa. Dette kan for eksempel vera at du meiner at personopplysningane dine ikkje er rette og det vil ta tid å vurdera dette.

Du kan da ta kontakt med  tenesta eller den aktuelle eininga.


Dataportabilitet
 

For enkelte behandlingar kan du ha rett til dataportabilitet. Det vil seie at du kan krevja å få overført personopplysningane frå oss og til andre. Denne rettigheita har fleire unntak. Retten gjeld blant anna ikkje viss me behandlar personopplysningane dine for å utføra ei oppgåve i allmenn interesse eller me utøver offentleg myndigheit.
 

Rett til å få sletta personopplysningar
 

Du kan ha rett til å få sletta opplysningane om deg sjølv. Denne rettigheita har også unntak. For eksempel gjeld den ikkje for opplysningar som er arkivpliktige eller er nødvendige for å kunna krevja eller forsvara rettskrav.
 

Protokoll over behandling av personopplysningar
 

Time kommune er pliktig til å føra protokoll over behandlingar av personopplysningar som vert utført under vårt ansvar. Me brukar eit dataprogram for å ha oversikt over protokollane og me vil publisera informasjon om behandlingane fortløpande på nettsida når protokollane vert klare.


Deling av personopplysningar
 

Ved enkelte anledningar formidlar me personopplysningar til andre. Det kan vera samarbeidsorgan (for eksempel NAV, Husbanken, spesialisthelsetenesta) eller andre som me har plikt til å gje informasjon til. Det kan også vera ein driftsleverandør eller andre som må utføra sine oppgåver og har tilgang til dine opplysningar.

Time kommune vil i slike tilfelle alltid forsikra oss om at utvekslinga er basert på lovlig grunnlag, at teieplikt vert halden og at eventuelle nødvendige avtalar vert inngått.

Opplysningane kan i forbindelse med dette også bli overførte til land utanfor Europa.
 

Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling


Me vil sjå til at personopplysningane dine er godt teknisk sikra. Me vil også ta omsyn til den risikoen som behandlinga kan ha for deg. I tillegg vil me gjennomføra andre tiltak for å nå dei grunnprinsippa me nemde innleiingsvis. Dersom noko går gale, vil me også ha beredskapsplanar for dette.
 

Informasjonskapslar
 

Nettsidene våre brukar informasjonskapslar for å gje deg tilpassa nettenester og gje deg ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som vert lagra på maskinen din.


Personvernombud
 

Time kommune har eit eiga personvernombod. Ombodet skal bidra til at me følgjer krava i regelverket, og vera bindeledd mellom deg og kommunen viss du treng hjelp med dine rettar om personvern.

Du kan kontakte personvernombodet på e-post: eva.tone.fosse@time.kommune.no
 

Klaga til Datatilsynet
 

Du kan klaga til Datatilsynet hvis du ikkje er fornøgd med korleis me behandlar personopplysningane dine eller du meiner behandlinga strir med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.



Du kan lesa meir i personopplysningsloven,  personvernforordningen og arkivlova.


 

 

Publisert av Eva Tone Fosse. Sist endra 02.08.2018
Fann du det du leita etter?