Nå vert brev frå omsorgstenestene digitale

Mange av breva frå kommunen vert sende til digital postkasse. Frå november 2018 vil også brev frå omsorgstenestene i Time vera digitale. I Time har 44,5% av innbyggarane til nå vald digital postkasse.

 

Offentlege tenester vil i framtida senda all post digitalt. Dette skal gjera kommunikasjonen enklare, raskare og sikrare for deg som innbyggjar. Du kan få posten i ein digital postkasse du vel sjølv eller i Altinn.

Nå er det også mogleg å senda brev inn til kommunen digitalt og sikkert. Det gjer du via «kontakt oss» her på nettsida eller via lenkje i brev frå kommunen.

 

Kva betyr digital kommunikasjon for deg?
* Du får tilgang til mange digitale tenester frå det offentlege (sjølvbeteningsløysingar på nett)
* Du får utført tenester raskare og får raskare svar.
* du får vedtak og andre viktige brev frå stat og kommune i den digitale postkassen din.
* Du får varsel og informasjon tilsendt på SMS eller e-post, for eksempel påminning om legeavtale og
  varsel om stenging av vatn.


Korleis får du digital postkasse?
Du må sjølv velga mellom to digitale postkassar. Det er gratis å oppretta postkasse, og dei to alternativa er likeverdige når det gjeld å få post frå det offentlege. Alle må ha eigen postkasse, men du kan gje for eksempel ektefelle tilgang til postkassen din.

Dersom du ønskjer å motta brev frå det offentlige på papir, må du reservera deg mot digital post. 

Slik skaffer du deg en digital postkasse

Spørsmål og svar om digital postkasse

Reserverasjon mot digital kommunikasjon

Meir om digital postkasse

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Elin Wetås de Jara. Sist endra 05.10.2018
Fann du det du leita etter?