Mange vil bli lærling i kommunen

Time kommune tilbyr lærlingplassar innanfor fleire ulike fag, mellom anna helsefagarbeidar.  - Klikk for stort bilete

 

Time kommune har 14 ledige læreplassar i år, og over 70 personar har søkt på desse plassane.

 

Kommunen tilbyr læreplass innan i helsefag, institusjonskokk, anleggsgartner , og barne- og ungdomsarbeider dette året. Frå i fjor har kommunen også lærlingar innan kontorfag og IKT.

 

Lærlingkoordinator Katrine Aure er godt fornøgd med at mange ønsker å bli lærling:

 

- Det er kjekt at mange ønsker å bli lærling i kommunen. Det er viktig for oss å tilby eit godt opplegg for lærlingane våre, og me har også fleire læreplassar i år enn tidligare. 

 

Time kommune har i år økt det totale antall læreplassar frå 28 til 30.

 

Publisert av Odd Ivar Nese. Sist endra 08.03.2018
Fann du det du leita etter?