Varsel om oppstart: Plan 0541.00 - Områdeplan for BL2 og BLF1, Lye

Føremålet med reguleringa er å legga til rette for ei god stadutvikling på Lye ved å utvikla Larheia. Planen skal legga til rette for bustadbygging med tilhøyrande anlegg, grøntareal og kombinert busetnad.

I kommuneplanen 2018-2030 er området avsett til bustad, kombinert busetnad, offentlege føremål, næring og grøntareal. 

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslovens § 4-2. jf Forskrift om konsekvensutgreiing.

Det vert samtidig varsla at etter plan- og bygningslova § 17-4, at det skal settast i gang forhandlingar om utbyggingsavtale med Jæren Tomteutvikling Holding AS.

Merknadar og kommentarar kan sendast til:

Asplan Viak AS, Østervågkaien 1A, 4006 Stavanger, (eller på e-post til: monica.reinertsen@asplanviak.no), med kopi til: Time kommune, Pb. 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no). 

 

Frist for merknadar: 03.08.2021

 

Vedlegg:

0541.00 Stedsutvikling (PDF, 24 MB)

0541.00 Referat 09-03-2021 (PDF, 616 kB)

0541.00 Varslingsbrev (DOCX, 191 kB)