Varsel om oppstart: Plan 0536.00 - Detaljregulering for bustader i Bruavegen, Undheim

Planområdet er ca. 2,6 daa og området omfattar eigedommane 46/231, 46/79 og 46/84 i Time kommune. Eigedommen der tiltak blir planlagd er 46/231. Føremålet med planen er å leggja til rette for etablering av inntil 4 bueiningar i form av einebustader på eigedommen 46/231. Dei to andre eigedommane vil bli verande uendra. Framkomme til planområdet vil bli frå Smedavegen til 46/231, og frå Bruavegen til 46/79 og 46/84 via 46/110.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslovens § 4-2. jf Forskrift om konsekvensutgreiing.

Merknadar og kommentarar kan sendast til:

Prosjektil Areal AS, Bjødnabeen 4, 4031 Stavanger, (eller  på e-post til: margrete@prosjektil.no), med kopi til: Time kommune, Pb. 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no). 

Frist for merknadar: 04.12.2020

Det vert anledning til å utala seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter førstegongs behandling i lokal utvikling (LOK).

 

Vedlegg:

0536.00 Planinitiativ (PDF, 810 kB)

0536.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

0536.00 Plangrense (PDF, 67 kB)

0536.00 Varslingsbrev (PDF, 192 kB)