Varsel om oppstart: Plan 0535.00 - Detaljregulering for næringsområde NB4, Håland

Formålet med planarbeidet er å legga til rette for næring på omsøkte eigedom. Området rundt inneheld eksisterande næringsbygningar med tilhøyrande infrastruktur. Omsøkte tomt (5/2) er i dag utan bygg innanfor planområdet. Det vil gjennomførast ei særskild vurdering av langsiktig grense for landbruk der eventuelle justeringar med omdisponering av næringsareal og LNF skal utførast i tilknyting til den planlagte næringsvirksemda og andre spesielle forhold.

Planforslaget skal utarbeidast som detaljplan med konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningsloven §§ 12-9 og 4-1.

Alle plandokumenta kan sjåast på slutten av denne artikkelen.

Merknadar og kommentarar kan sendast til:

Kristiansen & Selmer-Olsen AS, Strandgt. 32, 4400 Flekkefjord (eller på e-post: flekkefjord@arkkso.no), med kopi til: Time kommune, Pb. 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no). 

Frist for merknadar: 22.01.2021

Det vert anledning til å utala seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter førstegongs behandling i utval for lokal utvikling (ULK).

 

Vedlegg:

0535.00 Plangrense (PDF, 946 kB)

0535.00 Forslag til planprogram (PDF, 2 MB)

0535.00 Planinitiativ (PDF, 2 MB)

0535.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

0535.00 Varselbrev (PDF, 237 kB)