Varsel om oppstart - Plan 0525.00 Detaljregulering for bustader ved Tinghaugvegen, Bryne

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 og § 12-11 melder Arkitektkontoret Vest AS om at følgjande reguleringsarbeid vert sett i gang:

 

Plan 0525.00 Detaljregulering for bustader ved Tinghaugvegen, Bryne

Planområdet viser i vedlegg lengre nede i artikkelen.

Det varsles og om oppstart av forhandlinger mellom utbyggjar og Time kommune om utbyggjingsavtale etter plan og bygningsloven §17-4.

Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for ein variert busetnad av einebustader, rekkehus, fleirmannsbustader og bustadblokker. Desse er forebels vist som delfelt med byggjegrenser der det er mogleg å byggja innanfor. Plassering og val av bustadtypologi er tenkt i høve til terreng og landskap, solforhold for omgivnader og eksisterande busetnad og tilpassing av volum til området.

Kryss til feltet blir frå Tinghaugvegen. Renovasjon er planlagt langs Tinghaugvegen. Eksisterande gang- og sykkelveg blir lagd i bakkant av renovasjonsanlegg.

Det er skissert 115 til 128 bueiningar på feltet BK1.

Planarbeidet utløysar ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova § 4-2, jamfør Foresegn om konsekvensutgreiing.

Merknadar og kommentarar kan sendast til:

Arkitektkontoret Vest As, Storgata 48,4307 Sandnes, eller til post@arkvest.no, merkes med plan 0525, med kopi til: Time kommune, Pb. 38, 4349 Bryne, eller til: post@time.kommune.no.

Merknadsfrist: 16.10.2020

Det vert og høve til å ytra seg til planforslaget når det vert sendt på høyring og  lagt ut til offentleg ettersyn etter førstegongs handsaming i Utval for lokal utvikling (ULK). Vidare handsaming etter offentlig ettersyn vil skje i utval for lokal utvikling (ULK) og Kommunestyret.

Vedlegg

1. Referat oppstartsmøte (PDF, 3 MB)

2. Planinitiativ (PDF, 26 MB)

3. Illustrasjonar (PDF, 26 MB)

4. Oversiktskart (PDF, 2 MB)

5. Nabokart (PDF, 665 kB)