Varsel om oppstart: Plan 0524.00 - Detaljregulering for bustader i Gamle Hognestadveg og Jacob Bakars veg, Bryne.

Føremålet med planen er å leggja til rette for 5 konsentrerte bustader og ca. 20 blokkbustader på inntil 4 etasjar. Busetnad med tilhøyrande landskapsplan, trafikkområde og parkering vert forma innanfor plangrensa som vist i kart. Planen vert utarbeida i samsvar med Kommunedelplan for Bryne sentrum, delområdet BF5.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslovens § 4-2. jf Forskrift om konsekvensutgreiing.

Merknadar og kommentarar kan sendast til:

ARC Arkitektur as,  Hulda Garborgs veg 2, 4344 Bryne (eller på epost til: info@arc.no), med kopi til: Time kommune, Pb. 38, 4349 Bryne (eller på epost til: post@time.kommune.no). 

Frist for merknadar: 30.10.2020

Det vert anledning til å utala seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter førstegongs behandling i lokal utvikling (LOK).

 

Vedlegg:

0524.00 Saksprotokoll_ Avklaring av uenighetspunkt (PDF, 339 kB)

0524.00 Planinitiativ (PDF, 7 MB)

0524.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

0524.00 Plangrense (PDF, 112 kB)

0524.00 Varslingsbrev (PDF, 132 kB)