Varsel om oppstart - plan 0522.00 Områdeplan for bustad og næring i Kvernaland sentrum

Time kommune varsler oppstart av planarbeid for eit område i sentrum av Kvernaland.

Planen skal fastsette rammer for arealbruk i eit område på vestsida av fv. 505, Kvernelandsvegen. Planområdet skal ha innkøyring frå krysset ved Theodor Dahls veg. Det skal og vurderast midlertidige avkøyringar.

Planarbeidet utløyser ikkje krav til konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova, § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing.

Merknad

Merknader kan sendas til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller på e-post til post@time.kommune.no eller ved å bruke sikker digital innsending. Link til sikker digital innsending finn du og nederst på heimesida til kommunen.

Merknader må være sendt innen 1.mars 2020.

Vedlegg:

Planområde (PDF, 258 kB)

Det vert høve til å ytra seg til planforslaget når det vert sendt på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn etter førstegongs handsaming i Lokal utvikling (LOK). Vidare handsaming etter offentlig ettersyn vil skje i utval for LOK og Kommunestyret.