Varsel om oppstart: Plan 0518.00 - Detaljregulering for Kong Haakons veg, Bryne

Føremålet med reguleringsarbeidet er å betra overvasshandteringa i området, å sikra mot flomskadar og opparbeida flomvegar mot Frøylandsvatnet. I tillegg vil trafikktryggleik for mjuke trafikantar og køyrande vera eit sentralt tema. Opne overvassløysingar vil vurderast på delar av arealet. Grøntanlegg langs vegen vil òg vera eit viktig tema.

Områdeplanen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2, jf Forskrift om konsekvensutgreiing.

 

Merknader og kommentarar kan sendast til:

Time kommune, pb. 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no), eller Time kommune v/Wibecke Natås, fagleiar plan, plan@time.kommune.no.

Frist for merknader: 29.03.2019

Det vert høve til å ytra seg til planforslaget når det vert sendt på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn etter førstegongs handsaming i Lokal utvikling (LOK). Vidare handsaming etter offentlig ettersyn vil skje i utval for LOK og Kommunestyret.

 

Vedlegg:

0518.00 Plangrense (PDF, 2 MB)