Varsel om oppstart: Plan 0517.00 - Områdeplan for BF11, Bryne

Føremålet med planen er å få områdevise avklaringar på arealbruken mellom Rosseland skule og Hetlandsgata. Områdeplanen skal blant anna avklare plassering av ny symjehall i tilknyting til Timehallen, utviding av uteområda for Rosseland skule (som manglar uteområde i dag), styrking av grøntdrag og rekreasjonsområde. Det vil i planarbeidet vurderast kva andre funksjoner det kan leggas til rette for innanfor planområdet.

Områdeplanen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2, jf Forskrift om konsekvensutgreiing.

Merknadar og kommentarar kan sendast til:

Norconsult AS v/Anna Grødem, Jåttåflaten 27, 4020 Stavanger (eller på e-post til anna.elise.johannessen.grodem@norconsult.com), med kopi til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne (eller på e-post post@time.kommune.no), eller Time kommune v/Wibecke Natås, fagleiar plan, plan@time.kommune.no.

Frist for merknader: 29.03.2019

Det vert høve til å ytra seg til planforslaget når det vert sendt på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn etter førstegongs handsaming i Lokal utvikling (LOK). Vidare handsaming etter offentlig ettersyn vil skje i utval for LOK og Kommunestyret.

 

Vedlegg:

0517.00 Planinitiativ (PDF, 1002 kB)

0517.00 Plangrense (PDF, 885 kB)

0517.00 Varslingsbrev (PDF, 93 kB)