Varsel om oppstart: Plan 0516.00 - Detaljregulering for bustadar og næring i Trallfavegen 7, Bryne

Føremålet med reguleringa er å leggja til rette for næring og bustadar med tilhøyrande anlegg og areal for å kunna opphalda seg ute.

Området kalt BF10 i kommunedelplanen for Bryne sentrum, er på ca. 7800 m2 og er avsett til blanda formål.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslovens § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing.


Merknadar og kommentarar kan sendast til:

Arkitektkontoret Vest AS,  Storgata 48, 4307 Sandnes, (eller på e-post til: annkarin.tjorhom@arkvest.no), med kopi til Time kommune, pb. 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no).

Frist for merknadar: 08.02.2019

Det vert anledning til å utala seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter førstegongs behandling i lokal utvikling (LOK).

 

Vedlegg:

0516.00 Planinitiativ (PDF, 6 MB)

0516.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 527 kB)

0516.00 Plangrense (PDF, 401 kB)

0516.00 Varslingsbrev (PDF, 73 kB)