Varsel om oppstart: Plan 0454.00 - Detaljregulering for bustader og næring i Storgata 19-23, Bryne sentrum

Føremålet med planen er å leggja til rette for næring og bustader.

Planområdet er på ca. 800 m2 og er avsett til sentrumsføremål i kommuneplanen.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslovas § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing.

I samsvar med plan- og bygningslovas §12-15, leggjast det opp til felles handsaming av reguleringa og byggesøknad.

Merknader og kommentarar sendast til:

Arkitektkontoret Vest AS,  Storgata 48, 4307 Sandnes (eller på e-post til: karlemil.sodergren@arkvest.no), med kopi til Time kommune, pb. 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no).

 

Frist for merknader: 09.08 2019

 

Det blir høve til å uttale seg til planforslaget under offentlig ettersyn etter førstegongs handsaming i lokal utvikling (LOK).

 

Vedlegg:

0454.00 Planinitiativ (PDF, 2 MB)

0454.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

0454.00 Plangrense (PDF, 458 kB)

0454.00 Varslingsbrev (PDF, 116 kB)