Varsel om oppstart: Plan 0263.00 - Detaljregulering for bustader i Skulegata 25, Bryne

Føremålet med planen er å regulera om eigendomane til bustadsføremål der det er ønskeleg med eit påbygg og garasje for 25A, gnr/bnr 3/750, ein carport for 25B, gnr/bnr 3/751, og det er ønskeleg med ein ny einebustad med garasje for 25C, gnr/bnr 3/92. Det vil tilretteleggjast med garasje/carport og dessutan ein biloppstillingsplass for kvar av boenhetene.

Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslovens § 4-2, jf. Forskrift om konsekvensutgreiing.

Merknader og kommentarar kan sendast til:

LandArk as,  Leirfjordveien 160, 8890 Leirfjord (eller på e-post til: landark@landark.no), med kopi til Time kommune, pb. 38, 4349 Bryne (eller på e-post til: post@time.kommune.no).

Frist for merknader: 04.03.2019

Det vert anledning til å utala seg til planforslaget under offentleg ettersyn etter førstegongs behandling i lokal utvikling (LOK).

 

Vedlegg

0263.00 Planinitiativ (PDF, 9 MB)

0263.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

0263.00 Plangrense (PDF, 573 kB)

0263.00 Illustrasjoner (PDF, 7 MB)

0263.00 Fasade_NS (PDF, 2 MB)

0263.00 Fasade_VØ (PDF, 3 MB)

0263.00 Fasade_Tilbygg (PDF, 3 MB)

0263.00 Varslingsbrev (PDF, 3 MB)