Varsel om oppstart og høyring av planprogram: Plan 0546.00 - Detaljregulering for masseuttak på Storemyr

Prosjektil Areal AS gir med dette i samhøve med plan- og bygningslovas § 12-8, melding om at fylgjande reguleringsarbeid blir satt i gang:

Plan 0546.00 Detaljregulering for masseuttak på Storemyr

Planprogramet for konsekvensutgreiing sendes samstundes på høyring.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for masseuttak innanfor planområdet, kvar det i dag er landbruksområde. Området skal produsera om lag 350 000 tonn massar i året med ein driftsperiode på 30 år. I planarbeidet skal det lagast ei utgreiing for moglegheita for å tilbakeføra området til landbruk etter masseuttak. Planområdet er på om lag 330 daa og omfattar i hovudsak eigedommane gnr./bnr. 46/4, 49/11, 46/54 og 49/3. Planområdet er i gjeldande kommuneplan for Time disponerte til område for råstoffutvinning.

Planområdet er vist med stiplet linje: