Varsel om oppstart av planarbeid for tre ulike kryss

Rogaland fylkeskommune varsler med dette oppstart av detaljregulering for følgende kryss i Time kommune: 

  • Plan 0529.00: Krysset ved fylkesveg 505 Garborgvegen og fylkesveg 506 Arne Garborgs veg/Kvernelandsvegen.
  • Plan 0530.00: Krysset ved fylkesveg 506 Kvernelandsvegen og fylkesveg 506 Ålgårdsvegen.
  • Plan 0531.00: Krysset ved fylkesveg 506 Ålgårdsvegen og fylkesveg 4436 Lyevegen.

Fylkeskommunen utarbeider eigen reguleringsplan for kvart av kryssa.

Føremålet med planarbeida er å redusere talet på ulukker og konsekvensane av desse. Kryssa har hatt ei rekke ulukke med personskade. Ved å bygge rundkøyringar og venstresvingefelt blir kryssa enklare å lese, og tryggare for trafikantane.

Vi ber om at du sender relevante innspel og andre opplysingar innan 24.07.20 til: firmapost@rogfk.no, eller til Rogaland fylkeskommune, Postboks 130, 4001 Stavanger. Oppgi saksnummer 2020/46922-1.

Ta gjerne kontakt med planleggingsleiar Margrethe Skimmeland Grinde, e-post margrethe.skimmeland.grinde@rogfk.no , dersom du har spørsmål til planarbeidet eller vidare saksgang.

Rogaland fylkeskommune, Samferdselsavdelingen skal utføre planprosessen etter avtale med Time kommune, i samsvar med plan- og bygningsloven § 3-7.

Varselet blir gitt i samsvar med plan- og bygningsloven § 12-8.

Rogaland fylkeskommune utarbeider planen som detaljregulering, sjå plan- og bygningsloven § 12-3.

Time kommune har i samsvar med plan- og bygningsloven § 4-2 vurdert at planen ikkje skal konsekvensutgreiast.

 

Vedlegg:

0529.00 Plangrense (PDF, 612 kB)

0530.00 Plangrense (PDF, 518 kB)

0531.00 Plangrense (PDF, 606 kB)