Varsel om oppstart av forskriftsarbeid

Lokal forskrift om utslipp fra mindre avløpsanlegg for kommunene på Jæren og Ryfylke.

Kommunane Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time, Hå, Kvitsøy, Rennesøy, Finnøy, Forsand, Strand, Hjelmeland, Suldal og Sauda startar nå arbeid med ei ny felles lokal forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter, turistanlegg og liknande verksemder med utslipp mindre enn 50 pe (lokal avløpsforskrift).

Kommunane på Jæren (Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå) har felles lokal avløpsforskrift i dag. Den nye avløpsforskrifta for Jæren og Ryfylke vil medføra ei revidering av eksisterande føresegn for kommunane på Jæren. For kommunane i Ryfylke vil forskriftsarbeidet bety at eksisterande praksis kan bli heimla i forskrift samt at det òg kan innførast nye lokale føresegn.

Forskrifta vil bli heimla i Forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta). Føresegna i ei lokal avløpsforskrift vil erstatta krava i § 12-7 til § 12-13 i forureiningsforskrifta. Føresegna i forureiningsforskrifta som ikkje blir erstatta av lokal forskrift vil framleis gjelda.

Eventuelle kommentarar og innspel kan sendast til: post@time.kommune.no, eller i brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne.