Val av ungdomsråd for perioden 2022 - 2023

Ungdomsrådet i Time kommune skal ha 11 medlemmer. Alle medlemmer skal ha personleg varamedlem. Medlemmene til ungdområdet blir vald for 2 år. Medlemmene i ungdomsrådet skal på valtidspunktet ikkje ha fylt 19 år.

Er du samfunnsengasjert og ønsker å påverka korleis det er å bu og leva for barne- og unge i Time kommune? 
Då bør du melda di interesse for å sitta i ungdomsrådet i Time.

Rådet har rundt sju møte i året der ein diskuterer saker som har betyding for barn og unge i kommunen, og får koma med uttale til saker som skal til behandling i kommunestyret.

Time kommune har utarbeida forslag til møteplan for 2022. Møta er lagt til tysdagar, men møtetidspunkt ikkje fastlåst. Det blir gitt møtegodtgjersle.

Forslag til kandidatar skal sendast til post@time.kommune.no innan 19.11.2021.