Står du i manntalet?

For å kunna stemma ved Stortings- og sametingsvalet 13. september må du vera ført opp i manntalet.

Manntalet for Time kommune er lagt ut til offentleg ettersyn frå 12. juli og fram til valdagen på desse stadane:

- Time rådhus, innbyggarservice
- Time bibliotek

Du har stemmerett ved valet dersom du er norsk statsborgar og fyller 18 år innan utgangen av valåret og er, eller har vore folkeregisterført som busett i Noreg.

Stemmerett ved sametingsvalet har alle som står innført i samemanntalet, jf sameloven § 2-5.

Dersom du nyleg har flytta, og melding om flytting ikkje er motteke i tilflyttingskommunen sitt folkeregister innan 30. juni 2021, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå.

Du kan då velja om du vil stemma på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsstemma. Står du ikkje oppført i manntalet, eller det er andre feil i listene, kan du senda skriftleg klage med grunngjeving til valstyret snarast mogleg.

Spørsmål om manntalet kan rettast til Time kommune på tlf 51 77 60 00 / 991 06 691

Ordinær førehandsstemming startar 10. august og varer til 10. september. Dersom du veit at

du ikkje kan stemme i dette tidsrommet, og heller ikkje på valdagen som er 13. september,

er det anledning til å tidlegstemma i perioden 1. juli til 9. august.

For tidlegstemming: Ta kontakt med kommunen.