Søknad om barnehageplass og påmelding til SFO

Søknadsfristen for hovudopptaket i barnehagane og påmelding til SFO er 1.mars 2019

Søknad om barnehageplass

Det er samordna opptak mellom dei private og kommunale barnehagane. Søknad må sendast elektronisk. Søknadsskjema og informasjon finn ein på nettsida til kommunen www.time.kommune.no

Du kan få hjelp til å søkja elektronisk hjå Servicetorget på Time rådhus.

 

Rett til barnehageplass:

For å ha rett til barnehageplass må barnet bu i Time kommune ved oppstart i barnehagen, vera fødd før 01.11.2018 og ha levert søknad innan søknadsfristen.

 

Bytte av barnehage eller endring av opphaldstid

Alle som har barnehageplass og som ønskjer å bytta barnehage, må søkja på nytt. Dei som får godkjent bytte av barnehage mistar automatisk plassen dei har frå før.

Ønskjer du å endra talet på dagar i barnehage frå august 2019 må dette óg gjerast elektronisk innan 1. mars 2019.

Påmelding til SFO

Påmelding skjer elektronisk. Påmeldingsportal og informasjon finn ein på nettsida til kommunen www.time.kommune.no eller via heimesida til aktuell skule. Frist for påmelding er 1.mars 2019.

 

Endring av opphaldstid eller oppseiing av plass i SFO

Ønskjer du å endra talet på dagar eller seia opp SFO plassen frå august 2019 må dette gjerast elektronisk innan 1.juni 2019.