Plan 0521.00 Varsel om oppstart og høyring av planprogram - Detaljregulering for næringsområde TN3, Kalberg

Planområdet er på ca. 223 daa og omfattar i hovudsak eigedommen gnr.30, bnr.9.  Området vil bli regulert til ein kombinasjon av industri, lagar og kontor. I tillegg til nemnde formål vil det i planen bli tilrettelagt for nødvendig infrastruktur i tilknyting til næringsområdet.

Planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing. Planforslaget er vurdert i forhold til forskrift om konsekvensutgreiingar § 6a, og det blir vurdert at det skal utarbeidast konsekvensutgreiing i samsvar med forskriften på grunn av at samla tiltak vil overstiga eit brukareal på meir enn 15 000 m2.

Saman med varsel om oppstart blir òg sendt planprogram på høyring.

Merknadar og kommentarar kan sendast til:

Prosjektil Areal AS, Bjødnabeen 4, 4031 Stavanger, (eller e-post: martin.lillesand@prosjektil.no), med kopi til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne (eller på e-post post@time.kommune.no).

Frist for merknader: 08.07.2019

Det vert høve til å ytra seg til planforslaget når det vert sendt på høyring og vert lagt ut til offentleg ettersyn etter førstegongs handsaming i Lokal utvikling (LOK). Vidare handsaming etter offentlig ettersyn vil skje i utval for LOK og Kommunestyret.

 

Vedlegg:

0521.00 Planprogram (PDF, 3 MB)

0521.00 Planinitiativ (PDF, 2 MB)

0521.00 Referat_oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

0521.00 Varslingskart (PDF, 76 kB)

0521.00 Varslingsbrev  (PDF, 202 kB)