Oppstart samt høyring og offentleg ettersyn av planprogram for oppheving av "Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør".

Etter plan- og bygningslova §11-12 melder Time kommune, Klepp kommune og Sandnes kommune med dette at arbeidet med oppheving av Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør vert sett i gang.

For oppheving av ein kommune(del)plan gjelder dei same føresegnene om medverknad og prosess som for utarbeiding av ein ny plan, jf. pbl § 11-17. Dette inneber at oppstart av planarbeidet skal varslast, og at det skal utarbeidast eit planprogram. 

I medhald av §11-13 i lova har formannskapet i Klepp kommune i møtet den 10.03.2025, formannskapet i Time kommune i møtet den 12.03. 2025 og kommunestyret i Sandnes i møtet den 17. mars , vedtatt å legga forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn.


Dei respektive kommunane har revidert sine kommuneplanar etter at Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør vart vedtatt. Også Fylkesdelplan for langsiktig byutvikling på Jæren, som låg til grunn for arbeidet med den interkommunale planen, har vorte revidert og er seinast erstatta av Regionalplan for Jæren og Søre-Ryfylke. Regionalplanen har ein anna utviklingsstrategi enn den som gjaldt da «Interkommunal kommunedelplan Bybandet sør» vart vedtatt. Det vurderast derfor at den interkommunale planen er utdatert og bør opphevast.

Høyringsutkast - Planprogram (PDF, 450 kB)
 

Kontaktpersonar: 

Sandnes kommune: John Trygve Lundeby: john.trygve.lundeby@sandnes.kommune.no tlf. 51335843 

Klepp kommune: Anja Kleppe Lyngra: Anja.Kleppe.Lyngra@klepp.kommune.no tlf 97161653 

Time kommune: Yvonne van Bentum: yvonne.van.bentum@time.kommune.no  tlf 46848405.

De kan og senda uttale til planen via brev til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne, eller via e-post til post@time.kommune.no.


Frist for å senda inn merknad til planen er 11.05.2025.