Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn og unge

Klikk for stort bileteGjennom støtteordninga er det mange lag og organisasjonar i Time kommune som kan henta pengar til gode prosjekt som fører til at fleire barn og unge vert inkludert i organiserte fritidsaktivitetar.

Frivillige organisasjonar, private aktørar eller offentlege instansar kan søka tilskot frå Bufdir for å legga til rette for at barn og ungdom i familiar med låge inntekter kan ta del i organiserte aktivitetar på linje med andre barn.

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom hos barn og unge.

Knutepunktfunksjon - få hjelp til søknaden din

I tråd med retningslinene for tilskotsordninga har Time kommune har oppretta ein knutepunktfunksjon. Knutepunktfunksjonen er kommunen sine kontaktpersonar for frivillige organisasjonar som arbeidar med inkludering av barn og unge i målgruppa. Knutepunktfunksjonen skal

  • ha oversikt over, og bidra til å koordinera det frivillige og offentlege arbeidet i kommunen som er retta mot målgruppa
  • samla kunnskap om lokale tilhøve knytt til barn i låginntektsfamiliane, dela erfaringar og samarbeida med frivillige som arbeidar med fagområdet

Har du spørsmål om tilskotsordninga, behov for å diskutera eit prosjekt eller treng hjelp til ein eventuell søknad kan du ta kontakt med:
Stian Langeland, fritidssjef
E-post: stian.langeland@time.kommune.no
Tel. 51776164

Meir informasjon finn du på tilskotsordninga sine nettsider.

Søknadsfrist for tilskotsåret 2020 er 13. desember.