Stav Arkitekter AS varsla den 24.09.2024 oppstart for følgande reguleringsplan:
Plan 0561.00 - Detaljregulering for Brynegarden BK2 – BK4
Føremålet med planen er å legge til rette for bustader i tråd med områdeplan 0489.00. Planforslaget inneheld busetnader i form av småhusbustader og leiligheter, med ein variasjon av bustadtyper og størrelser. Planområdet har ein størrelse på omtrent 117,7 dekar.
Reguleringsplanen fylgjer i hovudsak krava i områdeplanen, men det blei gjort ein justering av feltinndeling som blei gjort i områdeplanen. Det blei og gjort ei prinsippavklaring når det gjeld utbyggingsrekkefølga i kommunestyret 19.03.2024 (saksnummer 018/24).
Punktet om mogleg barnehage har ikkje relevans lengre. Ynskje om avsett tomt til barnehage nord for Bryne sentrum blei teke ut av Barnehageplanen i kommunestyremøte 17.09.24.
Alle plandokumenta kan sjåast på slutten av denne artikkelen. Dokumenta kan du og få ved å vende deg til innbyggarservice i Time rådhus.
Har du innspel?
Me ynskjer innspel til planen. Desse sendast skriftleg til synnove@stavark.no eller til Stav Arkitekter AS, Øvre Banegate 28, 4014 Stavanger, med kopi til: post@time.kommune.no eller til Time kommune, postboks 38, 4349 Bryne.
Merk innspelet med heile planens namn (talkode og namn).
Frist for innspel er 05.11.2024. Me ber om at eventuelle leigetakara og andre rettshavarar blir informert.
Det er mogleg å ytra si meining til planforslaget når det vart sendt ut på høyring og offentleg ettersyn etter fystegongsbehandling i Utvalg for lokal utvikling (ULK). Videre avgjerd etter offentleg ettersyn vil skje i ULK og Kommunestyret. Plandokumenta og status på planen kan følgjast via www.time.kommune.no . Du kan lese deg opp på korleis ein planprosess går føre seg, og korleis du kan koma med innspel til planforslaget, under fana Planprosess.
01 Planinitiativ Brynegarden (PDF, 6 MB)
02 Varslingskart (PDF, 204 kB)
03 Varslingskart_med områdeplan (PDF, 274 kB)
04 Møtereferat oppstartsmøte 06.09 (PDF, 285 kB)
05 Brev oppstartsvarsel (PDF, 102 kB)